Tildelingsreglement frå 1.5.2020
Dette reglementet gjeld tildeling av hyblar, 1-roms husvære og familiehusvære på Studentheimane
- Husværa kan tildelast studentar tilknytt Studentsamskipnaden i Volda.
- Husvære som står tome kan tildelast andre.
- Tildeling av husvære blir gjort av bustadavdelinga i SiVolda.
- Det er fortløpande tildeling med kontraktstart :
- 1. august for haustsemesteret
- 1. januar for vårsemesteret
- For reserverte hyblar til utanlandske studentar er kontraktstart 1. august og/eller 1. januar.
- SiVolda praktiserer fortløpande tildelingar for studentar som ønskjer å flytte inn i ledige bustader.
- Ved opptaket haustsemesteret skal fortrinnsvis 60 % av ledige bustader tildelast nye studentar.
- Opptaksreglar: Studenten må innan 31.07. dokumentere at han har studieplass komande studieår.
- Tildeling
Hyblar/ 1-roms husvære:
Tildeling skjer ved loddtrekning.
Familiehusvære:
Med familiehusvære reknar ein 2-roms og 3-roms husvære med eige kjøkken.
Tildeling skjer i prioritert rekkefølgje (loddtrekning om nokon står likt)
Små 2-roms familiehusvære (32 m2):
Par der begge er studentar
Store 2-roms husvære:
- Einslege med barn
- Par der begge er studentar, evt. med barn
- Par der eine er student
3-roms husvære:
- Par med barn der begge er studentar
- Par med barn der eine er student
- Einslege med barn
Loddtrekning dersom nokon står likt. Prioritet for kvart barn. Dersom tal på familiemedlemmar og alder på barn tilseier det, kan ein overstyre prioriteringa.
- Søkjarar som meiner dei har spesielle grunnar for å bli prioriterte framfor andre søkjarar, må legge ved dokumentasjon på dette.
- Søkjarar som tidlegare har budd på Studentheimane og sagt opp slik at kontrakt går ut i inneverande semester, kan søkje på nytt for neste semester. Søknaden vert ikkje handsama før etter 1.juli, og søkjar står sist i køen for ny tildeling.
- Alle som handsamar søknadene etter dette reglementet har teieplikt om alle fortrulege opplysningar dei får kjennskap til under sakshandsaminga.
- SiVolda har rett til å kontrollere dei opplysningane som blir gitt i søknaden. Urette eller mangelfulle opplysningar kan medføre at søknaden ikkje blir handsama og/eller at kontrakt kan bli heva.
- Tildelingsreglementet gjeld frå 1. mai 2020.