Rådgjevingsteneste for studentar
Treng du nokon å snakke med?
I løpet av studietida kan du komme opp i situasjonar som det kan vere vanskeleg å finne ut av på eiga hand. Kom og luft tankane dine, det er alltid godt!
Eksempel på tema du kan prate med studentrådgjevar om:
- Meistring av studentlivet
- Tidsplanlegging, motivasjon til å studere.
- Relasjon til familie, vener, medstudentar
- Klassemiljø og læringsmiljø
- Vanskar med å finne seg til rette
- Vurderer å slutte på studiet
- Følelser, tankar, konsentrasjon-/søvnvanskar, sorg
Rådgjevingstenesta er gratis og rådgjevarane har teieplikt.
Du kan booke time her. Om du ikkje finn ledig tid i booking, send gjerne sms eller epost.
Studentrådgjevarane har kontor i SiVolda sine lokale i Elvegata 24.
Kontortid: måndag-torsdag kl. 09.00 - 15.00.
Studentrådgjevar Eli Anne Løksa:
Mob: 992 37 980
eli@sivolda.no
Studentrådgjevar Sigbjørn Melvær:
Mob: 970 46 146
sigbjorn@sivolda.no
Andre samtaletilbod
Høgskulen har også andre samtaletilbod du kan nytte deg av, les meir om dei her