Studentsamskipnaden i Volda (SiVolda) er serviceorganisasjonen for studentar i Volda og skal ta seg av studentane sine velferdsbehov ved Høgskulen i Volda.

SiVolda er eit særlovselskap som er regulert i eiga lov med forskrift.

Saman med Høgskulen i Volda og studentane sjølve, skal vi vere med på å skape eit heilskapleg læringsmiljø og gjere studiebygda attraktiv for noverande og framtidige studentar.

Tilbodet som SiVolda har skal vere moderne, innovativt og framtidsretta. Tilbodet skal utviklast og endrast i takt med etterspurnaden i studentmassen.

VISJON
Studenten i sentrum.

MISJON
SiVolda skal gjennom godt tilbod bidra til at Volda vert valt som studiestad.

FORRETNINGSIDE
SiVolda skal tilby tenester og produkt av høg kvalitet til konkurransedyktige prisar.
Overskotet av SiVolda sitt virke skal bidra til å sikre og vidareutvikle velferdstilbodet for studentane i Volda.

HOVUDMÅL
SiVolda skal vere nær, synleg, yte omsorg og vere gode på tilbod og service.
SiVolda skal ha gode og attraktive velferdstilbod som skal sikre ei spanande og meiningsfull studietid.
SiVolda skal ha ein økonomi og eit økonomisk resultat som sikrar gode ordningar for dagens og framtidas student.
SiVolda skal vere mellom dei studentsamskipnadane som har mest tilfredse studentar. 
SiVolda skal ha fokus på miljø og berekraft i alle ledd

SiVolda skal vere eit supplement til offentlege og private tenester og ha gode tilbod innanfor: Bustad, helse, mat, rådgjeving, sosiale tiltak, studenthus, trening og fritidstilbod.

SiVolda skal ha spesiell fokus på eit godt bu- og helsetilbod.

BUTILBOD
SiVolda skal tilby trygge og trivelege plassar å bu gjennom eit differensiert og mangfaldig butilbod.
SiVolda skal tilby husvære til ei forsvarleg leige, med ein kvalitet og eit innhald som studentane treng og etterspør.
SiVolda skal vere miljøbevisst og drive ein framtidsretta bustadpolitikk i samarbeid med Høgskulen i Volda og Volda kommune.

HELSE
SiVolda skal tilby helse- og rådgjevingstenester saman med Høgskulen og Volda kommune gjennom m.a. Helsestasjon for ungdom og studentar, psykologteneste og studentrådgjeving.
Tilbodet skal vere eit supplement til det offentlege tilbodet.
SiVolda skal tilby gode refusjonsordningar til studentar som har høge utgifter til helse.
SiVolda skal ha ei aktiv rolle i velferdsgruppa ved Høgskulen i Volda.

MAT OG DRIKKE
SiVolda skal drive kantine på høgskulen som tilbyr sunn, god og variert mat til rimelege prisar. Kantina skal vere ein attraktiv og viktig møteplass på høgskulen. Kantina skal vere nytenkande og følgje trendar og tilby studentar det dei etterspør.
SiVolda skal ha eit mat og drikketilbod på Studenthuset Rokken.
SiVolda skal ha eit variert og velfungerande automattilbod på heile høgskuleområdet.

BARNEHAGE
SiVolda skal drive barnehage med eit ekstra studentfokus og medverke til at studentar med barn kan gjennomføre studia på normert tid. Barnehagen skal ha eit godt samarbeid med Høgskulen og Volda kommune.

STUDENTLIV
SiVolda skal eige og drive Studenthuset Rokken. Studenthuset skal vere eit velfungerande og engasjerande tilbod for studentane i Volda og har eit godt tilbod innanfor musikk og naturlege fritidsaktivitetar for studentgruppa. Studenthuset skal samarbeide tett med Studentsamfunnet i Volda.
SiVolda skal stimulere til stor aktivitet og frivilligheit, og støtte lag og organisasjonar med halvårlege tildelingar av velferdsmidlar.
SiVolda skal har eit godt og allsidig tilbod fritidstilbod for studentane og m.a. tilby lån/leige av båt, naust og hytte.

PERSONALPOLITIKK
SiVolda skal ha motivert og utviklingsorientert personale.
SiVolda skal sørge for eit godt arbeidsmiljø som har kompetanse og serviceinnstilling som kjennemerke.
SiVolda skal ha medarbeidarar og leiarar som er oppdaterte, engasjerte, innovative, kompetente, har handlekraft og er resultatorienterte.

SAMARBEID
For å tilby best mogleg tenester til studentane, skal SiVolda arbeide tett opp mot studentdemokrati og studentorganisasjonar, utdanningsinstitusjon, vertskommune og andre det er naturleg å samarbeide med.
SiVolda skal spele ei aktiv rolle i samarbeidet med dei andre studentsamskipnadane i Noreg.
SiVolda skal delta aktivt på andre arenaer der det er naturleg.

INFORMASJON OG KOMMUNIKASJON
SiVolda skal ha tett og god kontakt med studentane og samarbeidspartane gjennom gode og moderne kommunikasjonstiltak.
SiVolda skal oppdatere og vidareutvikle nettsidene og vere aktive på sosiale medier.

INTERNASJONALISERING
SiVolda skal ha som mål å kommunisere både på norsk og engelsk på nettsider og oppslag.
SiVolda skal vere aktive overfor dei internasjonale studentane og ha god kontakt og dialog med internasjonalt kontor ved høgskulen.
Internasjonale studentar skal brukast som ein ressurs i studentmiljøet.