Vi har, i samarbeid med høgskulen, eit tilbod om psykologisk helsehjelp for studentar. Ta kontakt med psykolog Vidar Myklebust for hjelp eller meir informasjon. E-post: vm@hivolda.no.

Psykologane og terapeutane har teieplikt. 

Du betalar for tenesta, men når beløpet er 50% av eigenandelen i folketrygda kan du få refundert det overskytande av oss. Du får vite meir om ordningane ved å ta direkte kontakt med psykologtenesta - eller administrasjonen i SiVolda.

Akutt hjelp

Har du behov for akutt medisinsk eller psykisk hjelp? Ring naudtelefon 113.

 

Vite meir om psykisk helse?

Det er mange gode nettresurssar for deg som vil lese meir om temaet psykisk helse. Helsedisektoratet har eigne sider med mykje god informasjon: www.psykisk.no. Rådet for psykisk helse er ein humanitær organisasjon som arbeider for å fremmje psykiatrisk forsking og opplysing og auka kunnskap om psykisk helse.