Naustet
Ved naustet har vi SUP, kano og robåt som de kan låne heilt GRATIS. Alle studentar tilknytt Høgskulen i Volda kan nytte seg av tilbodet.
Ein må ikkje låne utstyr for å nytte seg av området, det er fritt tilgjengeleg for alle, så du kan setje deg ned å nyte utsikta om du ynskjer det. Der er ei bålpanne som du kan fyre opp i om du vil ha bålkos eller grille ei pølse.
Om du vil booke utstyr kan du bruke lenka under. Bookar du ein fredag gjeld reservasjonen heile helga.
Vil du booke utstyr i dag? Då må du ringe oss på 700 75 240 eller sende ein epost til post@sivolda.no.
Flytevestar er tilgjengelege i naustet, det er lovpålagt å bruke vest i både båt, kano og SUP.
NB! Nøklar må hentast i resepsjonen mellom 13-15 same dag du skal bruke utstyret. Nøklane må være inne før 12:00 dagen etter. Innlevering på kveld eller før 09:00 kan gjerast i postkassa utanfor vår hovudinngang.