Som student i Volda har du moglegheit til det:

Båten er ikkje tilgjengeleg mellom 15. oktober og 01. mai!

Du kan leige ein 15 fots plastbåt med påhengsmotor. Pris: 100 kr. pr. døgn og 150 kr. for ei helg. 
Båten ligg klar ved flytebrygga i hamna i Volda sentrum i perioden 01. mai – 15. oktober. 

Båten er sertifisert for maksimalt 5 personar. 

Leigetakar pliktar å gjere seg kjent med korleis båt og motor fungerer.

For meir informasjon, kontakt Studentsamskipnaden på 70 07 52 40.

BåtenEin 15 fots båt med påhengsmotor ventar på friluftsinteresserte studentar ved hamna i Volda. 

Rotevatnet

Vi har kanoar, SUP og robåt tilgjengeleg til gratis utlån i naustet ved Rotevatnet. Alle studentar tilknytt høgskulen i Volda kan låne desse gratis. Sjå meir og ting utstyr her
 

All bruk av båt skjer på eige ansvar!

Alle i båten skal ha på flytevestar.

(Voldsfjorden er open og vêrhard – sjekk vind- og vêrvarsel!)

Booking kan bli kansellert av oss.

 

Her kan du tinge motorbåt

Om du vil tinge til samme dag, må du ta kontakt med oss på 70075240.

Hent nøklar mellom 12-15 dagen du leiger. Lever nøklar før 12:00 dagen leiga opphøyrer.