Helsestasjon for studentar
Som student i Volda kan du nytte deg av helsestasjon for ungdom og studentar - heilt GRATIS. Du treng ikkje bestille time og du får resept på prevensjon kostnadsfritt.
Helsestasjonen tilbyr informasjon og rettleiing, der målet mellom anna er å auke kunnskapen om seksuelt overførbare infeksjonar, lette tilgangen til prevensjon og førebyggje uønska svangerskap og abort.
Du får tilbod om:
- Testing for seksuelt overførbare infeksjonar
- Informasjon om prevensjonsmetodar og foreskriving av prevensjonsmidlar
- Gratis kondomar
- Hjelp til å bestille legetime
- Uformell samtale om kropp, seksualitet og prevensjon
- Graviditetstesting
Helsesjukepleiar i Volda
Helsesjukepleiar er tilstades kvar tysdag og torsdag kl. 14-16 og har kontor i underetasjen på Volda rådhus. Lege er til stades tysdagar kl. 14-16. Ingen timebestilling, det er berre å møte opp i trefftida. Tilbodet er eit samarbeid mellom Studentsamskipnaden i Volda, Høgskulen i Volda, Sosial- og helsedirektoratet og Volda kommune ved Helsestasjonen. Tenesta er for studentar i alle aldrar.
Har du spørsmål knytta til tilbodet, ta kontakt på telefon: 70 05 88 20