Helsekasse
SiVolda har ei ordning der du kan få refundert eigendelar ved konsultasjon med lækjar og psykolog.
Når beløpet er 50% av eigenandelen i folketrygda kan du få refundert det overskytande av oss. Vi tek atterhald om endringar i reglane og satsane.
Søknadsfrister:
- Kostnader i haustsemesteret 15. januar
- Kostnader i vårsemesteret 30. juni
Gyldig kvittering er utskrift frå Helfo. Lause kvitteringar vert ikkje godteke.
Når beløpet er 50% av eigenandelen i folketrygda kan du få refundert det overskytande av SiVolda. Vi tek atterhald om endringar i reglane og satsane.
Søknadsfrister:
- Kostnader i haustsemesteret 15. januar
- Kostnader i vårsemesteret 30.juni
Reglement for Helsekassa
Reglementet vart fastsett av styret for Studentsamskipnaden i Volda i møte 26.01.99, med seinare revisjon av 16. august 2004.
§ 1 Alle studentar som har gyldig medlemsskap i SiVolda og barn under 16 år som studenten forsyter og bur saman med har rett til refusjon av eigendelar som må betalast i samband med sjukdom.
Helsekassa refunderer utlegg når summen av slike overstig 50% av eigendelen i folketrygda pr år pr medlem.
Ordninga følgjer kalenderåret, og refusjon vert utbetalt semestervis. Dersom akkumulert eigendel pr 15.juni ikkje overstig 50% av eigendelen til folketrygda er eventuell refusjon avhengig av akkumulert eigendel i haustsemesteret. Krav om refusjon med naudsynt dokumentasjon må leggast fram innan 15.januar for haustsemesteret og 30.juni for vårsemesteret.
§ 2 Helsekassa vert finansiert av semesteravgifta. Avsetjingane til helsekassa skal gjerast i samband med handsaminga av budsjettet. Samskipnaden er ansvarleg for moglege driftsunderskot i helsekassa.
§ 3 Helsekassa dekkjer
- Eigendel av konsultasjon/behandling hjå allmennpraktiserande lækjar og spesialist.
- Eigendel ved kjøp av medisin på blå resept.
- Eigendel reiseutgifter påført kvitteringskort i samband med reise til og frå konsultasjon/behandling.
§ 4 Helsekassa dekkjer ikkje
- Utlegg ved konsultasjon/behandling i utlandet.
- Eigendelar ved konsultasjon/behandling utanom studieåret; i tida 15.juni - 15.august
- Utlegg og eigendelar ved behandling hjå tannlækjar, fysioterapeut, kiropraktor og homøopat.
- Kjøp av naturmedisin.
- Utlegg til akupunktur behandling og helseattest.
§ 5 Ved krav om refusjon frå helsekassa må følgjande dokumentasjon leggast fram
- Gyldig studentkort.
- Dokumentasjon for forsytar tilhøva når kravet ikkje gjeld studenten sjølv.
- Folketrygda sitt kvitteringskort.
§ 6 Dette reglementet tek til å gjelde 16. august 2004.