Flytte inn
Skal du flytte inn i studentbustad her i Volda? Her får du litt informasjon som kan vere greit å vite.
Husleigekontrakta
Det er viktig at du set deg inn i husleigekontrakta før du flyttar inn, den finn du på dinside. Her kan du også akseptere/signere kontrakta.
Depositum?
Vi har ikkje depositum
Faktura husleige
Du startar å betale husleige frå den datoen som står i kontrakta di. Du vil få varsel når husleige er klar til betaling inne på "mine sider" i appen vår.
Slik får du nøklane dine
Du kan flytte inn i bustaden din og hente nøkkel når du vil etter kontrakta di startar. Resepsjonen vår i Elvegata 24 er open måndag-fredag 09-15, det er her du skal hente nøkkel. Om du kjem til Volda utanom opningstidene våre, må du gi oss beskjed i god tid. Du gir beskjed skriftleg på e-post: post@sivolda.no.
Vi oppmodar på det sterkaste at du planlegg å kome innanfor opningstidene, slik at vi kan hjelpe deg om du har spørsmål.
Kva må eg ha med?
Du må ta med kjøkkenutstyr, dyne/pute og vaskeutstyr.
På Heltne A og B er det induksjonskomfyr på kjøkkenet.
Mange av felleskjøkkena har skap som er merka med hybelnummeret ditt. Det er viktig at du ikkje set eigedelane dine i andre skap, sjølv om dei står tome.
Forsikring
SiVolda si forsikring dekker ikkje leigetakar sitt private innbu/lausøyre. Det må du syte for sjølv, sjekk med forsikringsselskapet ditt.