Viktig info til alle som bur i ein SiVolda bustad!
Important info to all tenants in a SiVolda housing!
KANTINE:STENGT
BARNEHAGE: STENGT
KUNDESENTER/KONTOR: OPE FOR TELEFON/E-POST KONTAKT
HELSESTASJON: STENGT
STUDENTRÅDGJEVAR/PSYKOLOG: SJÅ HER
Kjære leigetakar
På grunn av Coronaviruset er kontoret vårt dessverre stengt som et tiltak for å hindre spreiing av viruset. Vi vil halde stengt til anna melding vert gitt, men vi vil vere tilgjengelig på både telefon og e-post som normalt.
Reinhald: Det er svært viktig at de som bur hos oss jobbar godt sammen for å halde fellesarealer (kjøkken, stove, bad) reine og ryddige. Dette er viktigare enn nokon gang for å forebygge smitte. Vi kjem til å auke frekvensen av reinhald på utsette flater og område rundt på studentheimane (heis, trappegelender, dørhandtak, etc.)
Karantene: Bestemmelsar rundt eventuell karantene er det styresmakter som avgjer. Vi ber alle om å følge med på informasjon som kjem fortløpende frå FHI (Folkehelseinstituttet), for å halde dykk oppdatert om det som til einkvar tid gjeld. Les mer på ww.fhi.no. Eventuell isolering er noko som vert beslutta av helsestyresmaktene, og ved ein slik situasjon er det helsestyresmaktene som vil iverksette dette.
Felles arrangement: Vi oppfordrar alle til å begrense sosial kontakt og samlingar med fleire deltakarar, etter Folkehelseinstituttet sine retningslinjer.
Dersom noko er uklart eller du har spørsmål, ikkje nøl med å ta kontakt på post@sivolda.no eller telefon 70 07 52 50
Og husk; vær flink med handvasken, ikkje ta andre i handa og må du nyse, så gjer det i lommetørkle eller albogen.