Vi deler no ut 285.000,- til studentorganisasjonar
SiVolda deler no ut 160.000,- i velferdsmidlar til lag og organisasjonar knytt til Høgskulen i Volda. I tillegg sponsar vi Veka 2019 med 125.000,-.
Studentsamskipnaden i Volda deler i vårsemesteret 2019 ut velferdsmidlar til desse:
Studentsamfunnet i Volda 15.000,-, Dokumentarfilm festivalen 20.000,-, VSI 20.000,-, Peikestokken 15.000,-, Studentradioen 15.000,-, Student TV 10.000,-, International Student Union 7.000,- og Natura 8.000,-.
I tillegg til dette får Studentparlamentet i Volda 50.000,- pr. semester til vidarefordeling til lag og organisasjonar.
Veka 2019 har også fått sponsormidlar på 125.000,-.
Studentsamskipnaden i Volda vil med denne ordninga vere med å sikre eit breiast mogleg tilbod til studentane i Volda, stimulere dei aktive og kreative kreftene i studentmiljøet, og legge til rette for eit best mogleg velferdstilbod i Volda.
Studentsamskipnaden i Volda deler ut slike midlar kvart semester. Neste søknadsfrist er 1. oktober 2019.