Ta ordet!
Synest du det er vanskeleg å snakke framfor andre? Gruar du deg lenge før ein presentasjon? Blir du stressa og nervøs før munnleg eksamen?
Då er dette kurset for deg!
I november arrangerer vi eit kurs som vil gjere deg meir sjølvsikker i å ta ordet.
Kurset er lagt opp slik at du sjølv har moglegheit til å velje kor mykje du vil utfordre deg. Vi vil gjerne hjelpe deg til å få kontroll på sveitte hender og spente nervar med gode tips, praktiske øvingar og heimeoppgåver med bruk av VR-briller.
Kurset går over to gonger og har plass til 10 deltakarar.
Det blir gratis middag etter kvar kursøkt!
Velkommen til to økter med fokus på meistring
1. kursdag måndag 4. november kl. 13:00 - 16:00
2. kursdag onsdag 6. november kl. 13:00 - 16:00
Kursleiarar er: Elin Gundersen og Eli Anne Løksa
Elin er rådgjevar på høgskulebiblioteket med ansvar for mellom anna kurs og undervisning.
Eli Anne er studentrådgjevar her på SiVolda.
Påmeldingsfrist: Søndag 27. oktober
Meld deg på her: nettskjema.no/a/363549
Kursstad: Sivert Aarflot SAA-229
GRATIS
This course is in Norwegian.