Studenttur rundt Rotevatnet 23. August kl 15:00
SiVolda arrangerer tur rundt Rotevatnet for alle studentar, kom og bli med!
Rotevatnet ligg sentralt i Volda og turen rundt vatnet er eit populært turmål. Turen er omlag 7 km og går stort sett i flatt terreng på grus og asfalt.
Dette er ein flott måte til å bli betre kjent i Volda og turmoglegheitene vi har her. Turen er for alle, så her er det berre å slenge seg med! Vi rekk tilbake til utandørsyoga med Stamina for dei som tenkjer å delta på det.
Oppmøte er utanfor Berte Kanutte-inngangen mot Strøm-bygget kl 15.00. Du treng gode sko og klede og litt drikke/snacks.
Vi gler oss!
Eli Anne-studentrådgjevar SiVolda
Ingunn-studierettleiar HiVolda