Student med barn? Søk Røysmarka studentbarnehage!
Studentar og tilsette ved Høgskulen i Volda har prioritet i opptaket, og barnehagen legg til rette for at studentane skal få fullføre studia sine på best mogleg måte.
Røysmarka studentbarnehage ligg praktisk til på campus, rett ved Berte Kanutte-huset. Er du student med barn er dei fleksible og kan gjere individuelle tilpassingar rundt eksamen og praksis. Vi strekk oss lenger for studentane. Vi har lang erfaring med å ta vare på studentborn. Du må ikkje vere student for å søke om barnehageplass hos oss, men studentar og tilsette ved høgskulen har prioritet ved opptaket.
Kompetanseheving
Studentbarnehagen har god pedagogisk dekning, noko som gjev god kompetanse og høg fagleg kvalitet på tilbodet. I tillegg har barnehagen samarbeid med Høgskulen i Volda. Dei samarbeider om utviklingsarbeid i regional kompetanseheving og utplassering av studentar i barnehagen. Dette gir fagleg påfyll og kunnskap til å vere i utvikling som ein lærande organisasjon.
Søknadsfrist
Røysmarka Studentbarnehage nyttar dei same fristane og søknadsskjema som dei andre barnehagane i Volda kommune. Søknadsfristen er 1. mars. Utanom hovudopptaket tildeler vi plassar kontinuerleg ved ledig kapasitet.