Rune Aasen blir ny direktør i Studentsamskipnaden
Aasen har takka ja til stillinga som administrerande direktør i Studentsamskipnaden i Volda frå 1. oktober.
Han kjem frå stillinga som assisterande direktør, der han har vore sidan 2001. Aasen har brei leiarerfaring.
Styret er veldig glade for at Rune Aasen takka ja til stillinga, og ser fram til eit godt samarbeid.
Aasen avløyser noverande direktør Jan Henning Egset, som vil verke i stillinga fram til 1. oktober 2023.