Plastsortering på studentheimane
Frå dette semesteret har vi innført plastsortering av søppel på studentheimane. Det er no eige innkast for plastemballasje i søppelcontainerane utanfor alle studentheimane. Når du sorterer plasten må du ta ut matrestar, skylle og riste plasten før du legg den i pose som du puttar i innkastet for plastemballasje. Hugs å knyte saman posen.
Studentar som bur med oss kan no sortere avfall i følgjande fraksjonar:
- plastemballasje
- papp og papir
- glas- og metallemballasje
- restavfall