Kantina

Kantina har feriestengt frå laurdag 22. juni og opnar igjen 5. august.
 

Bustad

Resepsjonen har ope heile sommaren.
Opningstider: måndag-fredag 09.00-15.00
Ta kontakt per epost post@sivolda.no / tlf. 700 75 240
Eller kom innom resepsjonen vår.

Feilmeldingar på bustad leggast inn på di side som vanleg.

Dersom det oppstår noko som må reparerast/ha tilsyn snarast utanom vår ordinære opningstid:
Kontakt vaktselskapset Safe24 på tlf. 700 79 000.
 

Helse

Studentrådgjevar er vekke veke 28, 29, 30 og 31.

Treng du nokon å snakke med i sommar?

Vi veit at feriar og heilagdagar kan vere ei utfordrande tid for mange. Har du behov for å snakke med nokon i sommar, finnast det fleire som kan hjelpe deg. Her er nokre av dei:
Studenttelefonen: 116 123 (tast 3) open alle dagar mellom kl. 18.00 – 02.00
Kirkens SOS, krisetelefon: 22 40 00 40
Mental Helse, hjelpetelefon: 116 123                    mentalhelse.no
Røde kors for barn og ungdom: 800 33 321          korspahalsen.no

Eventuelt kan du gå inn på sidetmedord.no som er nettenesta til Mental Helse. Der kan du sende inn ei anonym melding og får svar frå ein av rettleiarane deira innan 24 timar. Inne på Sidetmedord.no har du også muligheit til å delta på ein anonym chat. Chatten er open døgnet rundt. Der er du i direkte kontakt med ein av rettleiarane deira.
 

Studenthuset Rokken

Studenthuset Rokken har sin siste opningsdag før sommaren laurdag 15. juni. Og opnar igjen laurdag 17. august.
 

Rokken Café

Rokken Café siste opningsdag før sommaren er 22/6 - første opningsdag etter ferien er 5/8.
 

Barnehage

Røysmarka studentbarnehage held stengt veke 28, 29 og 30.