Vi stiller med pølser, utstyr og god stemning, alt du treng å gjere er å møte opp.

Naustet er eit prosjekt vi har jobba med i fleire år, og endeleg er det klart for opning. Dette er eit tilbod til studentane der dei kan låne kano, båt og SUP heilt gratis. Vi har laga til ei digital bookingordning som gjer det enkelt å reservere det ein vil låne. Om ein berre vil henge ved naustet og nyte omgjevnadane er det også fritt fram for det.  

Det blir namnekonkurranse der du kan vinne gjeve premiar. Vi treng namn både på kanoane og robåten. Er du i det kreative hjørnet? Send inn eit forslag! 

Det blei kanskje litt kort varsel, men vi håper du vil vere med! 

Kvar? SiVolda-naustet mellom Årneset og stadion.
Sjå kart: https://maps.app.goo.gl/8SnckxTn1nBEdJaHA
Tid: kl. 12-14
Dato: Torsdag 23.05.2024