Gratis kurs i mindfulness
Har du ein stressande kvardag eller tankar som spinn? Ønsker du meir indre ro og balanse i kvardagen? Bli med på gratis kurs i mindfulness! Kursleiar Line Katrin Moe og SiVolda ynskjer deg hjarteleg velkomen til fire behagelige og avslappande økter.
I dette mindfulnesskurset får du sette fokus på deg sjølv, dine behov og lære stressreduserande teknikkar slik at du får moglegheit til å skape ein studiekvardag som er god for deg.
SiVolda stiller med yogamatter og kursa finn stad på Aasen auditorium på Ivar Aasen-huset og kvart kurs har plass til 20 deltakrar. Det kan vere lurt å ta med seg eit pledd til kursa og noko å skrive på. Vel møtt!
Kursa er delt inn i fire økter. Du kan bli med på alle, eller velge det som passar deg.
- 18.oktober: Mindfulness og fokus i kvardagen.
- 25. oktober: Mindfulness og stressreduserande verktøy.
- 1.november: Integrering av mindfulness i kvardagen.
- 8.november: Mindfulness og helsefremmande skriving. Skaff billett her
Les meir om Line Katrin Moe her: Line Katrin Moe - Mindfulness og kreativitet