Ferievikarar
Reinhald | Resepsjon | Grasklipping og vedlikehaldsarbeid
Vi i SiVolda søkjer engasjerte ferievikarar til sommaren 2023. Det er tre forskjellige stillingar du kan søkje på, reinhald, resepsjon og grasklipping og vedlikehald. Personane vi søkjer må kunne arbeide sjølvstendig og systematisk.
Grasklipping og vedlikehald
Likar du å vere mykje ute, og ikkje er redd for å ta i eit tak? Denne stillinga går ut på å vedlikehalde uteområda våre, det vere seg grasklipping, hagearbeid og vasking. Det vil også bli bæring av møblar, rydding og assistering av vaktmeisteren som er på jobb.
Reinhald
Likar du å vaske, og er flink å arbeide sjølvstendig? Oppgåvene her går ut på nedvask og klargjering av studentbustader etter utflytting.
Resepsjon
Er du glad i å snakke med folk, og likar å yte god service? Personen som skal jobbe i resepsjonen må vere serviceinnstilt og utadvent, men også strukturert og løysingsorientert. Du må beherske norsk og engelsk både munleg og skriftleg. Arbeidsoppgåvene er hovudsakleg å hjelpe personar i resepsjonen, ta telefonar, svare på epost, levere ut og ta imot nøklar.
Send søknad til raa@sivolda.no
Søknadsfrist 27.03.2023
Skriv tidsrommet du kan jobbe i, må vere minimum fire veker.
Spesifiser kva type jobb du søker på.