Tradisjonen tru arrangerer vi Eksamensboost i godt samarbeid med høgskulen. Dette er eit arrangement som skal vere med å bidra til ei god studie- og eksamenstid her i Volda. Det blir eit variert opplegg med både frukost, lunsjklatring, morgonbad, samtaletilbod, mat og prat, yoga, Mario kart, og mykje meir.

 

Fysisk aktivitet

Nytt no i haust er at vi skal ha lunsjklatring i samarbeid med Sunnmørsk klatreklubb. Det er gratis for alle studentar, og SKK stiller med instruktørar og utstyr du kan låne gratis. I tillegg blir det tre dagar med yoga, onsdag blir det morgonbad med varm frukost og torsdag køyrer Læringsverkstaden i gang HVO-meisterskap i Beat Saber. Mange kjekke aktivitetar. Og alt er sjølvsagt heilt gratis!

 

Pause

Det er viktig å ta seg gode pauser i eksamenslesinga. Vi har difor laga til pausekrok i kantina. Der får du deg snacks, drikke og avslappande aktivitetar. Biblioteket har også diverse pauseaktivitetar gjennom heile dagen. Der kan du pusle, løyse sudoku, fargelegge, med meir. 

 

Sjekk ut programmet

Måndag 18.11 
Kl. 09.00 Frukost på biblioteket/Breakfast at the library
Kl. 10.00–12.00 Drop in-samtaler (BK101)
Kl. 11.00–12.30 Lunsjklatring i klatrehallen i Volda (ope for alle, ink instruktør og utstyr).
Kl. 13.00–15.00 Pausekroken/Chillout Zone (Kantina)
Kl.1330–15.30 Vinylkutting + klestrykk (BK 170) 
Kl. 16.00–17.00 Yoga v/Anne
Kl. 07.00–24.00 Pauseaktivitetar i biblioteket / Puzzles and colouring

Tysdag 19.11 
Kl. 09.00 Frukost på biblioteket/ Breakfast at the library
Kl. 10.00–12.00 Drop in-samtaler (BK101)
Kl. 11.00–12.30 Lunsjklatring i klatrehallen i Volda (ope for alle, ink instruktør og utstyr).
Kl. 11.30–14.00 Rettleiingsskranken i biblioteket / Academic help desk
Kl. 13.00–15.00 Pausekroken/ Chillout Zone (Kantina)
Kl. 13.30–15.30 Switch: Mario Kart (BK 171)  
Kl. 17.00–19.00 Mat og prat i Kantina
Kl. 07.00–24.00 Pauseaktivitetar i biblioteket / Puzzles and colouring

Onsdag 20.11 
Kl. 09.00 Morgonbad ved Årneset med varm frukost. 
Kl. 09.00 Frukost på biblioteket / Breakfast at the library
Kl. 10.00–12.00 Drop in-samtaler (BK101)
Kl. 11.00–12.30 Lunsjklatring i klatrehallen i Volda (ope for alle, ink instruktør og utstyr).
Kl. 13.00–15.00 Pausekroken/ Chillout Zone (Kantina)
Kl. 13.30–15.30 Vinylkutting + klestrykk (BK 170) 
Kl. 15.00–17.30 Tekst og tanke (Kaarstad100)
Kl. 16.00–17.00 Yoga/ v Anne
Kl. 07.00–24.00 Pauseaktivitetar i biblioteket / Puzzles and colouring

Torsdag 21.11 
Kl. 09.00 Frukost på biblioteket
Kl. 10.00–12.00 Drop-in samtaler (BK101)
Kl. 11.00–12.30 Lunsjklatring i klatrehallen i Volda (ope for alle, ink instruktør og utstyr).
Kl. 11.30–14.00 Rettleiingsskranken i biblioteket
Kl. 13.00–15.00 Pausekroken + Juleverkstad med Studentparlamentet. (i Kantina.)
Kl. 13.30–15.30 HVO-meisterskap i Beat Saber! (BK171 Læringsverkstaden)  
Kl. 16.00–17.00 Yoga (SAA 227)
Kl. 07.00–24.00 Pauseaktivitetar i biblioteket

Fredag 22.11 
Kl. 13.30–15.30 Desarmer ei bombe (BK170 - Læringsverkstaden)  
Kl. 07.00–24.00 Pauseaktivitetar i biblioteket