Eksamensboost 8.-12. mai
Eksamenstida er her, og for å lette litt på både kropp og sinn arrangerer vi, saman med høgskulen, Eksamensboost!
Eksamenstida kan tære på. Det er viktig å ta gode pauser og kople heilt ut lesinga. Det kan du gjere under Eksamensboost. Då blir det arrangert mange forskjellige typar avkopling. Du kan til dømes stikke ein tur innom kantina for litt snacks, avslappande aktivitetar eller ein hyggjeleg samtale i konseptet #nullstressjoggedress.
Andre postar på programmet er Eksamensyoga, Mat & prat, studentkino, mindfulness, Beat Saber, Sphero-race, osb.
Sjå heile programmet og meir informasjon om kvar enkelt programpost her