Eksamen? Her er SiVolda sine 5 tips til eksamensperioda!
Er du stressa for eksamen? Klikk deg inn her, så skal du få fem gode tips til korleis takle eksamen på ein bra måte.
-
Legg ein plan fram mot eksamen. Hugs å sett av tid til fri og hyggelege aktivitetar som gir deg energi og glede.
-
Få i deg nok, og næringsrik mat og drikke for å halde blodsukkeret oppe. Frukt og vatn er supert påfyll mellom måltida.
-
Ta deg tid til litt fysisk aktivitet. Gå ein tur ute i frisk luft eller ta deg ei lita treningsøkt. Fysisk aktivitet gir påfyll av energi, betrer konsentrasjonen og det meste føles enklare etterpå.
-
Få nok søvn! Legg deg og stå opp til same tid kvar dag.
-
Stress ned! Benytt deg av ulike pusteøvingar eller annan aktivitet som får deg til å slappe av.
Ta gjerne kontakt med studentrådgjevaren vår om du ynskjer fleire råd om korleis best meistre eksamen eller berre treng nokon å prate med. Meir om tilbodet her
Lukke til!