Vikariatet er frå 01.01.23 til 30.06.23. Det er ei 50% stilling, med moglegheit for meir. 
Vi søkjer ein person med relevant utdanning og gode samarbeidsevner, som kan vere med å skape ein god kvardag for borna.

Personlege eigenskapar
•    Initiativrik og omsorgsfull
•    Engasjert og kreativ
•    Fleksibel og løysingsorientert
•    Gode samarbeidsevner
•    Blikk for alle og tid for den enkelte

Arbeidsoppgåver
•    Medansvar for å gjennomføre det pedagogiske arbeidet på avdelinga.
•    Vere ein god rollemodell for borna, foreldre og andre tilsette
•    Aktivt vere med på å vidareutvikle barnehagen 
•    Jobbe godt i team, men også sjølvstendig
•    Samarbeid med kollegaer, foreldre og andre samarbeidspartnarar

Kvalifikasjonar
•    Gode norskkunnskapar
•    Relevant utdanning
•    Gode relasjonsferdigheiter
•    Politiattest må leggast fram før tilsetting 

Vi tilbyr
•    Varierte arbeidsdagar saman med dyktige kollegaer
•    Utviklingsorientert arbeidsplass
•    Godt samarbeid og arbeidsmiljø
•    Gode pensjonsordningar
•    Løn etter avtale

Våre verdiar
Omsorg, meistring, anerkjenning og gode relasjonar.

Spørsmål om stillinga kan rettast til styrar Malén Renate Sætre, tlf. 700 76 303.
Søknad med CV sendast til roysmarka@sivolda.no 

Søknadsfrist 23.11.2022