74 nye studenthyblar på Heltne
27. mars fekk vi innvilga søknaden vår om statleg stønad til byggesteg 2 på Heltne. Det er planlagt byggestart sommaren 2019, og bygget skal vere innflyttingsklart til semesterstart hausten 2020.
Byggesteg 1 på Heltne er godt i gang og skal vere ferdig i desember 2019. Dette bygget har 120 hybeleiningar. Byggesteg 2, som vi no har fått midlar til, er noko mindre, med 74 hybeleiningar. Også dette bygget vert i massivt tre. Byggekostnad er rekna til 65 mill.kr. Ca. 22 mill. kr. er statstilskot.
- Vi er glade for at vi kan sette i gang dette bygget no, og dermed på ei heilskapleg utbygging på Heltne. Dette vert ny attraktive hyblar i eit godt bumiljø. Alle hyblane får eigne bad og store sosiale soner, seier adm.dir. Jan Henning Egset.