300.000,- delt ut til studentorganisasjonar
SiVolda deler no ut 180.000,- i velferdsmidlar til lag og organisasjonar knytt til Høgskulen i Volda. I tillegg sponsar vi Veka 2017 med 120.000,-.
Studentsamskipnaden i Volda deler i vårsemesteret 2017 ut velferdsmidlar til desse:
Studentsamfunnet i Volda 35.000,-, Dokumentarfilm festivalen 20.000,-, VSI 20.000,-, Peikestokken 20.000,-, Animasjonsfestivalen 15.000,-,Studentradioen 12.000,-, ISU 8.000,- og KRIK 5.000,-.
Studentsamskipnaden i Volda deler ut slike midlar kvart semester. Neste søknadsfrist er 1. oktober 2017.
I tillegg til dette får Studenttinget i Volda 50.000,- pr. semester til vidarefordeling til lag, og organisasjonar.
Veka 2017 har også fått sponsormidlar på 120.000,-.
Studentsamskipnaden i Volda vil med denne ordninga vere med å sikre eit breiast mogleg tilbod til studentane i Volda, stimulere dei aktive og kreative kreftene i studentmiljøet, og legge til rette for eit best mogleg velferdstilbod i Volda.